tirsdag, mai 03, 2011

Du du du du du du

Ho sa høgt i det ho sløkte lysa på arbeidsrommet:"Å vil du drikke meg grønn i kveld?"
Ho gjekk seint heim frå jobb som så mange andre kveldar. Det var ikkje lang veg å gå, og etter å ha stoppa ved ein Kiwi for å kjøpe mjølk, var ho heime. Inni bakgården opna ho postkassa, og i postkassa låg ein lovnad: "Du ska´ bli grønn som Torneroses hage". Ho sang "Så skal for deg og meg", og saman med lovnaden la ho til "Og regnbuen". Det ho fant i den grøne postkassa den kvelden sa da "Je løfter fyst mitt glass". "En skål" tenkte ho inn i seg. Han la til "For din kvite mage".

1 Kommentarer:

Blogger Blogguro sa...

Eg likar

21:41  

Legg inn en kommentar

<< Home