Måndag
Diverse seremoniar i helga er vel overstått. Begge var fine. Og trivelege. Og artige.
I dag er dagen eg skal starte det meir seriøse livet. Inntil no har eg somla heime. Ete nugatti (som stod i skåpet mitt etter andre folk, må ha med den opplysninga merkar eg og kor tåpeleg er vel ikkje det) på brødskiva og følt meg usunn. Til den skiva las eg ein kronikk om at både Gaarder og Willoch ikkje har klart å seie det riktig. Og eg følte meg fæl som ikkje seier noko som helst om noko lengre. Då eg skulle sykle til Dragvoll, var det ikkje luft i dekket, og eg måtte ta bussen. Som eg huska feil busstider på. Og eg tok meg sjølv i å vere både usunn, lat og uengasjert. Dessutan ser eg at eg ikkje kan sidemålet mitt, noko eg skal kunne i og med ei stilling eg skal ha i haust. Pinsamt.
No skal eg fikse studiebevis, lesesalsplass, rapport og treningskort. I kveld skal eg måle og vaske ferdig. Og fra snart av byrjar det seriøse livet.
Kanskje.

0 Kommentarer:
Legg inn en kommentar
<< Home