tirsdag, mai 24, 2011

Klage

Ho var drittlei. Tida gjekk så altfor sakte, samtidig som ho gjekk så altfor fort. Ho skulle gjere mykje, men det ho skulle gjere var så uuthaldeleg kjeisamt. Ho åt ein banan og tenkte på svevnen ho sakna. Ho vakna altfor tidleg kvar morgon. Ho sa høgt inn i dataskjermen: "Å, vil du klemme meg blå i natt?". Det kom ikkje mykje til svar. Ho tok seg ein IFA. Det blei lansert i 1930, og fekk namnet frå den verdskjente operasongeren Ivar Fridtjof Andresen. Dei nye IFA-dropsa var sukkerfrie, og ho visste at det gjorde at ho fekk vondt i magen. Ho sa lågt til seg sjølv, som eit slags svar "Så blå som Askepotts førpinte klage.".

Det var ikkje lenge til sumar og fridagar. Ho klarte ikkje bestemme seg om det var så bra. Ho hadde så mykje ho skulle ha gjort før ho kunne ta ferie. Ho kasta IFAposen i veggen, og skreik høgt: "Så hold meg hold meg hardt. Ta hele meg!". Ein av kollegaene hadde høyrt henne. Han sa "Je trur jeg byner med å ta på din kvite mage".